Klubbkolleksjon

Publisert
28. november 2019
Bilde

Klubben sin nettbutikk hjå Trimtex er opna, og det er mogeleg å bestille meir klubbklede! Kleda blir produsert på bestilling, og kvar enkelt må legge inn bestilling på ønska produkt innan bestillingsfristen. Bestilling, betaling og levering foregår direkte mot leverandøren.

Produkta er jakke, bukse, genser og t-skjorte. Alle i størrelsar frå 130 cm til 3XL.

Nettbutikken er open for bestilling fram til 1. desember!


Bestillingane som blir gjort i denne runden har forventa levering i veke 4 (slutten av januar).

Sidan produkta blir produsert på bestilling, blir det ikkje høve til å bestille utanom annonserte periodar. Leverandøren krev ein viss samla minsteordre, så det kan gå noko tid før neste bestillingsrunde. Nytt sjansen no!

Slik bestiller du frå nettbutikken:

1. Gå til nettbutikken: https://trimtex.no/no/min-trimtex/voss-taekwon-do-klubb/ 

2. Registrer deg som brukar (første gong), velg "Ny konto" og følg instruksjonane.

3. I feltet "Teamkode for innmelding" skriv du "vosstaekwondo".

4. Kos deg i nettbutikken, og velg produkta du vil bestille. I utsjekken må du velje betalingsmåte, kort eller faktura.

5. Du får bestillingsbekreftelse direkte frå Trimtex, og kleda blir levert til di adresse (eller eit pick-up-point i nærleiken).

Hugs bestillingsfristen - 1. desember!